Framside/Tenester til deg/Skule og utdanning/Vaksenopplæring

Vaksenopplæring

Rett og plikt til 600 timar gratis opplæring i norsk med samfunnskunnskap har:

  • Personar som har fått innvilga asyl
  • Overføringsflyktningar
  • Personar med opphald på humanitært grunnlag
  • Personar med opphald etter familiegjenforeining med personar i gruppene over
  • Personar som har permanent opphald

Norsk for vaksne innvandrarar utan rett og plikt

Lom har også tilbod om norskopplæring for innvandrarar utan rett og plikt til slik opplæring. Dei som tilhøyrer denne gruppa er studentar, au pairar og andre med mellombels opphald, nordiske borgarar og personar med opphald etter EØS/EFTA-regelverket. Kvart kurs er på 50 timar. Kursavgift er kr 25 for tilbod på dagtid og kr 35 for tilbod på kveldstid. Elevane dekkjer i tillegg undervisningsmateriale og evt. ekskursjonar/turar.

Grunnskuleopplæring for vaksne

Retten til grunnskuleopplæring gjeld vaksne som ikkje har fullført grunnskulen, dei som har fullført tidlegare, men som likevel treng meir grunnskuleopplæring og minoritetsspråklege som har fått opphald. Dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring, så langt dei ikkje har rett til vidaregående opplæring etter § 3-1 (Jmf. Opplæringsloven § 4A-1). Målgruppe: -Vaksne som ikkje har fullført grunnskolen -Vaksne som har fullført tidlegare, som likevel treng meir grunnskuleopplæring -Minoritetsspråklege vaksne med permanent opphald som ikkje har grunnskule frå heimlandet Fag: Retten til opplæring omfattar dei fem faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne. Skriftlege fag: Matematikk Norsk Engelsk To av dei munnlege faga: Samfunnsfag natur- og miljøfag kristendom/livssyn

  • Kontakt

    • Lom ungdomsskule ved Anita Sandviken
  • Kontakt e-post

    • anita.sandviken@lom.kommune.no
  • Kontakt telefon

    • 61 21 10 91 / 45 63 51 91
  • Lovgrunnlag

    • Opplæringslova og Voksenopplæringslova (sjå lenkeboksen på høgre side).
Tips ein ven Skriv ut