Vaksinering

Barnevaksinasjonsprogrammet

Tenesta tilbyr vaksinasjon etter Barnevaksinasjonsprogrammet, som er det nasjonale programmet for vaksinering mot smittsame sjukdomar etter Smittevernloven § 3-8. Nasjonalt Folkehelseinstitutt gjev føringar om det faglege innhaldet som inngår i programmet, målgrupper, intervall og den tekniske samansetjinga av vaksinane. Alle barnevaksinar er gratis.

les meir om vaksinar

Reisevaksinering

For deg som skal ut og reise, kan tenesta tilby informasjon og rettleiing i høve tilrådd vaksiner for dei ulike landa i verda.
Nokre vaksinar er reseptbelagte som fastlegen din må skrive ut.

Pris i høve reisevaksiner

Injeksjon kr 30.
Ulik pris på kvar einskild vaksine.
Kontant betaling.

Influensavaksine

Tenesta har tilbod om vaksinering for sesonginfluensa.

Tidspunkt

Dagar for vaksinering blir annonsert i lokalavisa "Fjuken". Ikkje timetinging dersom du kjem på annonserte dagar.

Pris

Pris på vaksine mot sesonginfluensa kan variere frå år til år.
Kontant betaling.