Val2015 Logo

Val2015 Logo

Val 2015

Valdagen for kommunestyre-og fylkestingsvalet 2015 er måndag 14. september.

Røystestad og opningstid 14. september

Krins Stad Opningstid
01 Garmo Garmo oppvekstsenter 09 - 17
02 Lia Liarende ungdomshus 09 - 17
03 Loar Kommunestyresalen, Midtgard 09 - 17
04 Odda Bøverdalen samfunnshus, Boomerstugu 09 - 17

 

Tidlegrøysting

Tidlegrøysting skjer frå 1. juli til 9. august på ved servicetorget på Midtgard, i opningstida som er mellom kl 08:00 og 15:30.

Førehandsrøysting

Ordinær førehandsrøysting skjer frå 10. august til 11. september ved servicetorget på Midtgard, i opningstida som er mellom kl 08:00 og 15:30.

Institusjonsval

Institusjonsval ved Lom Helseheim blir halde tysdag 8. september kl. 11:00 - 14:00

Heimerøysting

Heimerøysting blir halde 10. september. Frist for å tinger heimerøysting blir sett til 4. september kl 14:00

Vallister

31. mars gjekk fristen ut for å levera inn listeforslag til kommunsestyrevalet i haust. Valstyret har godkjent listeforslaga, og her finn du dei godkjende vallistene ved kommunestyret i Lom kommune. (Vallistene til fylkestingvalet blir kunngjorte særskilt.)

Ifølgje vallova paragraf 6-8 må klage med krav om endring av vedtaket til valstyret om å godkjenne eller forkaste eit listeforslag setjast fram innan sju dagar etter at overskriftene på dei godkjende vallistene er offentleggjorde. Klagen må sendast til valstyret i kommunen: Valstyret i Lom v/leiar, Sognefjellvegen 6, 2686 Lom

Klikk på lenkene nedanfor for å sjå dei godkjende vallistene for 2015

Har du ikkje fått valkort i posten?

Alle veljarar får tilsendt valkort. Valkortet inneheld naudsynt informasjon om opningstider og kva valglokale den einskilde skal bruka på valdagen. Valkortet vert sendt ut med dei adressene som veljarane står registrerte med i folkeregisteret. 

Fleire kommuner merkar i år at mange valkort kjem i retur. Grunnen til dette kan vera fleire: Ein grunn er ufullstendige adresser, andre grunnar kan vera at innbyggjarar har skifta bustad, og perioda for ettersending av post er ute. 

Det er ei moglegheit å stemma utan valkort for dei som er i denne situasasjonen, meir informasjon om dette er å finna på desse nettstadane: val.no og valglokaler.no

 
Tips ein ven Skriv ut