Skjermbilde 2017-10-06 kl

Varsel om oppstart – detaljregulering for Brubakken

I samsvar med plan- og bygningslova sin § 12-8 blir det med dette varsla oppstart av Detaljreguleringsplan for Brubakken, i Lom kommune. Oppdragsgjevar for planarbeidet er Lom kommune.

Planområdet omfattar kommunal veg Brubakken og bustad- og skuleareala nordover, avgrensa av Fv. 467 Solsidevegen og Rv. 15, totalt areal er 61,3 daa. Eigedommane Gnr./Bnr./Fnr. 70/19, 70/19/9, 70/1/7, 70/1, 70/110, 70/136, 70/312, 70/137, 70/183, 70/122, 70/1 196, 70/1/76, 70/182, samt vegareal på Fv. 467 Solsidevegen Gnr./Bnr. 161/12 og Rv. 15 Gnr./Bnr. 162/22 og 70/74. 

artutsnittet syner planlagt avgrensing av planområdet (markert med stipla line)
Kartutsnittet syner planlagt avgrensing av planområdet (markert med stipla line)

Formålet med planarbeidet

Formålet med reguleringsplanen er å legge til rette gjennomføring av trafikksikrande tiltak langs den kommunale vegen Brubakken som går frå Norsk Fjellsenter til Lom helseheim. For byggeområda som inngår i planområde ønskjer ein gjennom reguleringsplanen å fastsetja dagens arealbruk, i tråd med dei føringane som ligg i kommunedelplanen for sentrum. 

Utsnitt frå gjeldande (2003) og forslag til revidert kommunedelplan (2017)

Tilhøvet til overordna planar

I kommunedelplan for Fossbergom (gjeldande) er området vist som offentlege og ålmennyttige formål, bustadområde og vegareal. Fleire gangvegar krossar planområdet og det er merkt eitt freda hus – Storstabburet. Kommunedelplanen er under revidering, og foreslår stort sett ei vidareføring av arealbruken. 

Utsnitt frå reguleringskartet syner regulerte og ikkje regulerte område som inngår i planen.

Planlagde tiltak etter gjennomført regulering

Planarbeidet skal legge til rette for gjennomføring av trafikksikrande tiltak i Brubakken. Tiltaka omfattar etablering av fysisk skilte areal for køyretøy og fotgjengarar, system for parkering ved arbeidsplassar, og avslipp/henteplassar (kiss and ride). Planen vil og avklare evt. behov for riggområde og avklare verknad for berørte rettigheitshavarar. 

Utklipp frå planlagde løysningar for trafikksikrande tiltak i Brubakken (utkast pr. 01.12.2015)

Forskrift om konsekvensutgreiing (KU-forskrifta)

Saka er vurdert etter KU-forskrifta. Med føresetnad om at dei føremåla ein legg opp til er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel, ser ein at planarbeidet ikkje vil vere omfatta av § 2. I forhold til §3 c) har vi vurdert saka også etter vedlegg III, med bakgrunn i dei opplysningane som vi kjenner til. Lom kommune samtykkjer med denne vurderinga i oppstartsmøtet. Planen vert dermed ikkje utarbeidd under vilkåra for konsekvensutgreiing og planprogram, jf. pbl §4-1. 

Innspel til planarbeidet

Det er høve til å kome med innspel/merknader til varsel om planstart. Alle innkomne merknader vil bli vurdert og kommentert i saksframstillinga. Når eit framlegg til reguleringsplan er utforma, blir dette behandla av Lom kommune med sikte på utlegging til offentleg ettersyn. Det vert høve til å uttale seg til planen også ved offentleg ettersyn.

Evt. innspel og merknader til planprogrammet skal vere skriftlege og kan sendast til Nordplan AS, Vågåvegen 35, 2680 VÅGÅ eller os@nordplan.no. Spørsmål kan rettast til Øyvind Sødal tlf. 96 79 79 90. Frist for innspel setjast til: 10.11.2017

for Nordplan AS Øyvind Sødal Arealplanleggar 

DOKUMENT:

Varslingsbrev oppstart av planarbeid Brubakken(LENKE)

Tips ein ven Skriv ut