Vedtekter for barnehagane i Lom
Gjeldande frå 01.01.2012
1. Målsetting:
Barnehagane i Lom skal hjelpe barna til ei god utvikling i samsvar med føresetnadene til den einskilde. Barna skal gjennom leik og samvær få trening i samarbeid. Dei skal også lære å ta omsyn til og ha ansvar for kvarandre og utvikle respekt og toleranse for andre menneske.2. Eigarforhold, ansvar og styringsverk:
Kommunen er eigar av barnehagane, og har ansvar for at dei blir drive i samsvar med Lov om barnehagar og dei føresegner, forskrifter og vedtak som til kvar tid er gjeldande.Kommunen har ansvar for planlegging, drift og tilsyn av barnehagane.
Barnehagane i Lom har samarbeidsutval slik det står i barnehagelova. Dette består av foreldre/føresette og tilsette i barnehagane, slik at kvar gruppe er likt representert. Kommunen som eigar vel ein kommunal representant med vara til samarbeidsutvalet (representasjonen følgjer kommunevalsperioden).
Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ.
Kvar av barnehagane har foreldreråd som består av alle foreldre/føresette i barnehagen. Dette skal fremme fellesinteressene til foreldra, og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø.
Barnehageeigar skal sørgje for at viktige saker blir lagt fram for samarbeidsutvalet og foreldrerådet.
3. Opningstider:
•Barnehageåret startar likt med skuleåret.•Alle barn skal ha 3 veker samanhengande ferie i skulen sin ferie.
•Barnehagane er stengde julekvelden, nyttårskvelden, romjula, påskeveka og dei to siste vekene i juli.
•Grendebarnehagane er stengde i juli. Barna kan få tilbod om plass ved Loar barnehage dei to fyrste vekene i juli.
•Barnehagetilbodet er 2 dagar, 3 dagar, 4 dagar eller 5 dagar.
I grendebarnehagane kan tilbodet bli justert dersom det er få søkjarar.
•Barnehagane opnar kl.07.00 og stenger kl. 16.30. Innmeldte behov for utvida opningstid skal etter hovudopptak vurderast, og eventuelt takast opp som budsjettjusteringssak. Administrasjonssjefen kan avgjera at opningstida i grendene kan reduserast etter behovsprøving.
•Alle tilboda er 9 t pr dag. Føresette har høve til å kjøpe einskilddagar i tilegg
dersom det er ledig plass på avdelinga.
•Barnehagane er stengde 6 planleggingsdagar i året.
4. Betaling:
Kommunestyret fastset betalingssatsane i samband med budsjetthandsaminga kvart år.Foreldrebetalinga blir innkravd kvar månad i samsvar med den tid barnet etter opptaket skal vere i barnehagen. Ved lengre sjukefråvær kan kommunen ettergje betalinga for den tida barnet ikkje var i barnehagen. Føresette kan på grunn av låg inntekt eller andre årsaker få friplass for barnet/barna sine. Ein søknad om friplass må vere grunngjeven og blir avgjort av sosialavdelinga. Utgiftene blir dekt over sosialavdelinga sitt budsjett.
Barnehageprisane skal stå på søknadsskjemaet og på kommunen sine heimesider.
Manglande foreldrebetaling over 2 mnd. vil kunne føre til at barnet/barna mister barnehageplassen/ane sin/e.
Føresette betaler for 11 månader. 5 månader om hausten og 6 månader om våren. Det året barnet startar i barnehagen, betaler føresette for halv månad i august.
Betaling for mjølk, frukt og evnt anna mat kjem på rekning saman med opphald.
5. Opptak:
Det skal søkjast om opptak på elektronisk skjema på www.lom.kommune.noHovudopptak gjeld oppstart nytt barnehageår, og plassar blir lyst ut i januar med søknadsfrist 15.februar. Hovudopptak skal vere ferdig med melding om plass før 1.mai. Rett til barnehageplass er lovfesta frå 2009. Det vil si at barn har rett på plass i barnehage i kommunen dei bur i ved hovudopptaket. Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august ifl Lov om endringar i barnehageloven (rett til barnehageplass).
Utanom hovudopptaket er det mogleg å søkje om plass gjennom heile barnehageåret. Barnehagane tek i mot barn dersom det er ledige plassar og tilstrekkeleg bemanning.
Oppseiingstida er ein månad. Det blir kravd betaling for endring og oppseiing av barnehageplass rekna i heile månader.
Eit barn som har plass i barnehagen, har plassen ut juli det året det skal starte på grunnskulen, dersom føresette ynskjer det. Det må takast ut 3 veker samanhengande ferie før 1.august det året barnet skal starte på skulen. (Tilbod om SFO frå 1.august. I grendene kan barna få tilbod om å gå i barnehagen fram til skulestart dersom det ikkje er SFO på skulen frå 1.august).
Barn med spesielle behov får plass fyrst. Kommunen har eit særskilt ansvar for barn med spesielle behov jfr Barnehagelova § 9. Det må til ei skriftleg tilråding frå PP-tenesta, helsetenesta og/eller sosialetaten.
Barnet får som hovudregel tilbod om plass i barnehage i den skulekrinsen det soknar til. Dersom føresette ynskjer å søkje inn barnet i ein annan barnehage, kan dei få plass der dersom det er ledige plassar, men barn som soknar til denne barnehagen blir prioritert fyrst. Barnet får da plass i barnehagen for eitt barnehageår, og det må evt søkjast på nytt for eitt år til.
Dersom det er for mange søkjarar til ein av barnehagane, får barnet tilbod om plass ein annan barnehage. Opptaksmyndige; administrasjonsjefen etter delegasjon frå kommunestyret avgjer korleis plassane skal fordelast. Geografisk avstand og praktiske omsyn vil bli vektlagt.
Elles:
1.5- åringane blir prioriterte.
2.Barn med behov for 5-dagars tilbod blir prioritert før barn med behov for eit kortare tilbod.
3.Eldre barn får plass før yngre.
4.Barn busett i andre kommunar blir prioritert sist, og får plass berre for eitt år om gongen.