Sindre Garmo, Steinar Odde og Astrid Garmo

Sindre Garmo, Steinar Odde og Astrid Garmo

Ungdomsfest med imponerande breidde og prestasjonar

Vel gjennomført UKM

UKM regionmønstring vart avvikla i Otta kulturhus sist helg. Fleire hundre unge talent frå dei seks norddalskommunane imponerte med song, dans, bilete, novelle, jazz, folkemusikk, pop, intrumentale og vokale innslag, drama, rock, solistar, grupper, ung ungdommar og eldre ungdommar. Ei festhelg vart det!
Biletet er henta frå UKM i fjor.
Bilete frå i år finn du på UKM Nord-Gudbrandsdal, Nasjonalparkriket si fjesbokside. Marit Sletten og Live Andrea Sulheim hadde ansvar for nettredaksjonen og lagt ut både bilete og kommentarar der.
Juryen har vurdert alle innslag og kjem med konstruktive attendemeldingar til alle etter kvart.
Dei har også valt ut ein del innslag etter tildelt kvote som skal få æra av å representere regionen vår på fylkesmønstringa i UKM som er på Otta 26.-28.april i år.
Innslaga frå Lom som blir med på fylkesmønstringa i år er:
Rockebandet "Living Black" (Sindre Garmo, Steinar Odde og Erik de Presno), gitarduoen "IK Acoustic" (Iver Byrøygard og Kjartan Haugen Foss) og fotografiet "Magisk" (Fotograf: Marit Sandviken).
Tips ein ven Skriv ut