Våre lokale forfattarar

Våre lokale forfattarar

Vellukka lyrikkveld på ungdomsskulen

Ungdomsskulen har etter kvart fått nokre arrangement som er blitt tradisjon. Lyrikkvelden i 9. klasse er eit døme på det. Han vart arrangert for 12. gong onsdag 2.nov.
Diktlesar
Diktlesar
Elavane hadde vald seg ut dikt av våre lokale forfattarar - Olav Aukrust, Knut Hamsun, Tor Jonsson, Jan Magnus Bruheim og Tore Ørjasæter. Kvar elev hadde laga eit bilete mad motiv frå diktet sitt. Bileta vart auksjonert bort, og salet gjekk strykande.
Avslutningssong
Avslutningssong
Det var tydeleg at elevane hadde øvd på opplesing av dikt. Alle las svært bra med høg stemme og klar uttale, og dei kunne dikta utanå sjølv lange dikt som "Bilbeistet" og "Aksion på Tande"! Aud Sørhage hadde tonesett fleire av dikta som elevane framførte. Godt med faglært musikklærar! Førestillinga byrja med ei dramatisering der forfattarne i samtale fekk fram ulike sider ved livet sitt. Det heile vart avslutta med ein fellessong: "Ei naki grein" av Olav Aukrust med melodi av Aud Sørhage.
Bilbeistet
Bilbeistet
Aksion på Tande
Aksion på Tande
Tips ein ven Skriv ut