Øyvind Moe

Øyvind Moe

Kulturmønstring på Haustkveld under Lomseggen 29.okt.

Vellykka haustkveld

Haustkveld under Lomseggen vart avvikla siste fredagen i okt. som vanleg. Eit rikhaldig program gledde dei mange tilhøyrarane som hadde funne vegen til Lom samfunnshus denne kvelden. Her fekk dei oppleva eit mangfaldig kulturuttrykk frå 4H-utstilling til gamaldans, frå solosong og korsong til raudost og mjukbrød, frå musikkvideo med Baresis til verdikåseri med Arne Brimi.
Eit av mange høgdepunkt var som vanleg utdeling av kulturpris og kulturstipend.

(Alle foto: Fjuken v. Vigdis Kroken)
Laila Mari Krøkje
Laila Mari Krøkje

Stor variasjon

Mange av aktørane imponerte med sine innslag og med utvikling sidan sist vi høyrde dei. Ikkje minst imponerte 5.klasse ved Loar skule med drivande blokkfløytespel, ein prestasjon det står stor respekt av. Ei glede var det også å høyre den varme og klåre songstemma til Laila Mari Krøkje. Lom Veterankorps spelte med driv og god presisjon til slutt i programmet. Det gror i kulturlivet i Lom.
Arne Brimi
Arne Brimi

Utstilling og smaksprøve

4H Fjelldronning frå Bøverdalen hadde fin utstilling i veslesalen. Der var det også smaksprøve av ekte stuttreist mat: Gudbrandsdalsost frå Lom og Skjåk Ysteri og ferskt mjukbrød baka i Lom tidlegare på dagen.
Eirik Mundhjeld
Eirik Mundhjeld

Kulturprisen og kulturstipendet

Haustkveld under Lomseggen er også Lom kommune sin årlege kulturkveld der dei deler ut kulturprisen og kulturstipendet. Bådde prisen og stipendet er på 10 tusen kr. Kulturprisen gjekk i år til ein allsidig kulturarbeidar; Øyvind Moe. Kulturstipendet gjekk til musikkstudenten Eirik Mundhjeld.
Tips ein ven Skriv ut