
Dramatisering
I år hadde elevane valgt å dramatisere livet til Olav Aukrust, Tore Ørjasæter, Jan Magnus Brukeim, Tor Jonsson og Knut Hamsun. Dette vart svært vellykka, og dei føresette sette stor pris på å få presantert biografiane på denne måten.

Tverrfagleg prosjekt
Lyrikkvelden er eit tverrfagleg prosjekt mellom norsk, musikk og kunst og handverk. I tillegg til dramatisering av biografiane las elevane opp eit dikt av ein av forfattarane. I kunst og handverk laga dei bilete med utgangspunkt i diktet dei hadde valt. Alle bileta vart utstilte og lagde ut til sal. Alle bileta vart selde.