Stort engasjement på den internasjonale eldredagen 1. oktober 2010

Stort engasjement på den internasjonale eldredagen 1. oktober 2010

Vellykka markering av den internasjonale eldredagen

Lom eldreråd stod for markering av den internasjonale eldredagen den 1. oktober. Markeringa vart arrangert på Fossberg Hotell, og frammøtet var særs godt. Rundt 50 personar møtte fram, der det og var tilreisande frå nabokommunen Skjåk.
Ivar Ringen i Trygg trafikk og lensmann Steinar Angard trollbandt publikum
Ivar Ringen i Trygg trafikk og lensmann Steinar Angard trollbandt publikum

Dei eldre i trafikken

Distriktsleiar Ivar Ringen i Trygg Trafikk i samarbeid med lensmann Steinar Angard tok for seg dei eldre i trafikken, det å vera fotgjengar, køyre bil i høg alder og bruk av medisin. Ivar Ringen trollbandt forsamlinga i ein time med sitt innlegg. Han gav klårt utrykk for at haldninga om at eldre sjøførar var ein fare i trafikken ikkje hadde hald. Men han hadde og meiningar om at når ein blir eldre, kan ein del sansar og motorikk verta dårlegare. Han tok også opp at ein del eldre brukte medisinar som kunne påverka køyringa.

Førarkort

Dette emnet fortsatte kommunelege Martin Aagaard med, samstundes som han gjorde greie for det å fornye førarkortet, og kva oppgåve kommunelegen hadde i den samanheng. Han poengterte at det er ikkje legen som avgjer om fornying av førarkortet, men at legen gjev ei medisinsk utgreiing.

Fallulykker i heimen

Til slutt kom Karen Gutubø som tok for seg dette med fallulykker i heimen. Ho viste her til ein rapport som var utarbeidd i eit prosjekt i regi av Nord-Trøndelag fylkeskommune. I tillegg hadde ho eigen erfaring med dette, både det å bli utsett for fallulykke og det å reparere skader. Ho var og inne på dei økonomiske konsekvensane ved fallulykker, som viser at det samfunnsmessig vil vera store innsparingar ved å forebygge i staden for å reparere. Ho gav fleire eksemplar på korleis ein sjølv kan vurdere situasjonen i eigen heim, og korleis ein med det kan minske risikoen for slik ulykker.
Dei frammøtte gav utrykk for at dei syntes dagen hadde vore interessant.
Tips ein ven Skriv ut