Særleg vil ein setja fokus på at det mange stader er enkelt for mindreårige å få kjøpt tobakk. Sjølv om salg av tobakk til mindreårige er forbode i Noreg, viser fleire undersøkjingar at ca 50% av dei under 18 år som brukar tobakk, kjøper tobakken sjølv. Eitt av punkta i WHOs tobakkskonvensjon er å forby salg av tobakk til ungdom under 18 år.
I Lom vart dagen markert med at elevar frå ungdomsskulen og vidaregåande gjekk rundt til dei ulike utsalgsstadene for tobakk. Dei oppmoda dei butikktilsette til å ikkje selje tobakk til mindreårige.
Plakatar med teksten "Takk for at du ikkje sel tobakk til mindreårige" vart overrekt butikkane, saman med ein Gerbara; symbolet Helsedirektoratet brukar for tobakksfri dag. Det har også vorte hengt opp plakatar og blomar på skulane, Friviljugsentralen, Midtgard og Helsesenteret.
Verdas tobakksfrie dag, 31. mai, er i Noreg også jubileumsdato for innføringa av Røykeloven (2004) og oppstarten av Røyketelefonen (1996).