Barnehagetilsette i djup konsentrasjon

Barnehagetilsette i djup konsentrasjon

Vil bli betre

Loar barnehage og Garmo barnehage vil bli betre. Derfor har dei starta eit utviklingsarbeid der målet er tydelege leiarar, målretta aktivitet og engasjerte medarbeidarar. Første samling er avvikla med stort engasjement.

Ivrige barnehagetilsette på kurs for å skape betre barnehagar.

 

Profesjonelle medarbeidarar

Frå å ha fokus på nok barnehageplassar er innhald og kvalitet i barnehagane nå sett i sentrum. Det er bakgrunnen for at Lom kommune har sett i gang ein prosess for å styrke kompetansen til alle som arbeider i barnehagane, samt dei som arbeider med barnehage i kommuneadministrasjonen. Målet er auka profesjonalitet på alle nivå. Det er Marianne Zalik frå rådgjevingsfirmaet Triangel som har det faglege ansvaret for opplegget.

Fokusområde

På den fyrste samlinga, som gjekk over tre dagar, vart det etter ein bestemt metodikk betemt kva område barnehagane skal ha fokus på det neste halvåret. Med grunnlag i nasjonale og kommunale styringsdokument skal barnehagane i fellesskap kome fram til felles standarder for kva som kjenneteiknar kvalitet når det gjeld fokusområdet.

Systematisk kvalitetsarbeid

Satsinga består av tre samlingar. På avslutningssamlinga i mars skal kvar avdeling presentere for dei andre kva dei har gjort. Deretter blir nytt fokusområde plukka ut. Tanken er at systematisk arbeid med stadig nye område skal bli del av kvalitetsårshjulet til barnehagen.
Tips ein ven Skriv ut