
Om lag annakvar måndag kan du koma på biblioteket og få med deg aktuelle og lærerike foredrag med nokre av våre beste foredragshaldarar. Det er Senioruniversitetet i samarbeid med biblioteket som tilbyr foredraga. Dei går direkte og blir viste på storkjerm. Foredraga er gratis og opne for alle. Biblioteket spanderer kaffi, og du kan kjøpe deg noko å bite i om du ynskjer.
Kvinner og menn blir sjuke på ulike måtar, men helsetenestene er i stor grad basert på forsking gjort på menn. Kva betyr dette for kvinner sitt liv og helse, både på kort og lang sikt? Dette foredraget gjev eit skarpt og innsiktsfullt blikk på korleis medisinsk forsking og praksis systematisk har oversett kvinner sin fysiologi og helsebehovet til kvinner. Kva skal til for å sikre kvinner likeverdige helsetenester i framtida?
Foredragshalder Liv Bjørnhaug Johansen er sjukepleiar, kulturhistorikar og seniorrådgjevar på kvinnehelse hjå Sanitetskvinnene. Ho har dykka djupt i denne problematikken. I boka Diagnose: kvinne frå 2023 kombinerer ho kvinnehistorier med forsking og kastar ljos over kjønnsforskjellar i helsevesenet. I boka utfordrar ho oss til å krevja systematiske endringar for framtida.