
Om lag annakvar måndag kan du koma på biblioteket og få med deg aktuelle og lærerike foredrag med nokre av våre beste foredragshaldarar. Det er Senioruniversitetet i samarbeid med biblioteket som tilbyr foredraga. Dei går direkte og blir viste på storkjerm. Foredraga er gratis og opne for alle. Biblioteket spanderer kaffi, og du kan kjøpe deg noko å bite i om du ynskjer.
Korleis er det å koma tett på dei som styrer landet? Magnus Takvam, ein av Norges mest anerkjende politiske kommentatorar, deler unike historier og innsikter frå fire tiår med norsk politikk. Gjennom val, partistrategiar og politiske prosessar har Takvam vore eit kjent ansikt og ei betrudd stemme for det norske folk.
I dette foredraget tek han oss med bak kulissane i norsk politisk journalistikk, der han kjem med eit personleg og skarpt blikk på dei avgjerande momenta, menneska og maktspela som har prega Noreg. Magnus Takvam, kjend frå sitt lange virke i NRK, pensjonerte seg i 2020 etter ein imponerande karriere og leverer framleis analysar som engasjerer og opplyser.