Eit lands utvandrar er eit anna lands innvandrar. Likevel vekkjer ordparet innvandrar/utvandrar heilt ulike assosiasjonar i oss. Utvandraren blir ofte sett på som eventyrlysten og initivativrik. Tenkjer vi det same om innvandraren? I boka Moria. På innsiden av Europas største flyktningleir utforskar forfattarane Guro Kulset Merakerås og Katrin Glatz Brubakk haldningane våre til menneske som kryssar grenser i jakt på eit betre liv. Den prisløna boka gjev lesarane eit unikt innblikk i dei menneskelege sidene ved dagens innvandring, migrasjon og flukt til Europa.
Guro Kulset Merakerås frå Trondheim er ein kritikarrost og prisvinnande sakprosaforfattar og journalist som deltek på årets Diktardagar. Guro er heidra av Norsk Journalistlag for arbeidet sitt med å belyse forholda på Europas yttergrenser og har skrive to kritikarroste sakprosabøker om menneske på flukt. Laurdag 6. september gjestar ho biblioteket med foredraget Fra utvandrer til innvandrer. Billettar i lenka.