
Vandrarmotivet har vore viktig for kunstnarar i bygdene våre så lenge vi veit. Frå verdsberømte Knut Hamsun, via Olav Aukrust, til meir eller mindre ukjende spelemenn som gjekk fjella på spelferd.
Kva er det som trekkjer oss til fjells? Kva møter vi der? Kva ser og kva høyrer vi? I dette verket møter musikken til brørne Hans og Rasmus Kjorstad eit vandrande filmkamera i fjellområda rundt setra til garden dei har vakse opp på.
Musikken er sterkt påverka av folkemusikktradisjonen i fronsbygdene i Gudbrandsdalen. Vi høyrer feler, langeleik, munnharpe og seljefløyte, men au synth og lydkollasjar.
Som eit samla verk kartlegg «Vandrar» eit indre landskap, der kjensler som lengsel og vemod fører tilskodaren mot ein ukjent stad. Gjennom årstidsskifta finn ein kanskje også skapartrong og glede.
Filmen er ca. 15 minutt lang. Før filmframvisinga vil Hans og Rasmus spele ein kort konsert, og fortelja litt om arbeidet med filmen og musikken.
Komposisjon: Rasmus Kjorstad og Hans P. Kjorstad. Regi og klipp: Sigurd Bleken. Foto og grade: Kristoffer Engholm Aabo. Opptak, mix og lyddesign: Hans P. Kjorstad. Laga i samarbeid med Musikk i Innlandet.