Foredraget: USA gjennom fem tiår – eit samfunn i oppløysing? Korleis hamna USA der det er i dag – politisk splitta, sosialt uroleg og kulturelt fragmentert? I dette foredraget spør Hans Olav Thyvold om det vi nå ser, faktisk er resultatet av ei kulturell utvikling som har vore i forfall sidan nasjonens sitt 200-årsjubileum i 1976. Gjennom amerikanske uttrykk innan film, litteratur, musikk, kunst og til og med teikneseriar – frå dei siste 50 åra – teiknar han eit tankevekkande bilde av eit samfunn i langsam endring. Er det verkeleg ein djup kulturell råte, eller berre ei ny fase i USAs historie?
Foredragshaldar: Hans Olav Thyvold gjekk inn i pressa som 15-åring i 1974 og har sidan vore ei markant stemme i norsk kulturliv. Han er journalist, forfattar og omsetjar, og kjend for romanen Snille hunder kommer ikke til Sydpolen , som er omsett til sju språk og utgjeve i meir enn 30 land.
Foredraget er digitalt og i regi av Senioruniversitetet. Gratis inngang, kaffi og kunnskap.