Foredraget: Stille farvann – skeiv kjærlighet og maskuline idealer til sjøs
Korleis var det å vera skeiv om bord på norske skip i etterkrigstida? I dette foredraget dykkar vi ned i ein lite belyst del av norsk sjøfartshistorie. Var det rom for homoseksualitet i det maskuline miljøet til sjøs, eller herska det tausheit også her? Gry Bang-Andersen gjev oss eit unikt innblikk i erfaringane til sjøfolk som utfordrea normene for kjønn og seksualitet mellom 1950 og 1980 – og viser korleis liva deira både vart forma av, og sette spor i, kulturen om bord.
Foredragshaldar: Gry Bang-Andersen er konservator ved Bergens Sjøfartsmuseum og PhD-stipendiat i kulturvitenskap ved Universitetet i Bergen. Hun forskar på maskulinitet, kjensler og kulturell forståing av homoseksualitet i den norske handelsflåten i etterkrigsåra.
Foredraget er digitalt og i regi av Senioruniversitetet. Gratis inngang, kaffi og kunnskap.