Diktardagar - historie, eventyr og segner

torsdag 2. september 2021 12.00 - søndag 5. september 2021 15.00

Informasjon

Klikk for stort bildeFor å forstå nåtida og forme framtida, må vi kjenne til historia og historiene. Diktardagar 2021 tek for seg historie, eventyr og segner frå distriktet vårt, i eit forsøk på å knyte fortida opp mot det tidsaktuelle. 

Det er i år eitt tusen år sidan Olav Digre (Heilag-Olav) reiste gjennom Gudbrandsdalen på si kristningsferd, og segnene etter ferda hans er mange.

Vi er glade for å ha med mange gode formidlarar av ord, tonar og visuell kunst. Av dei seks eigarlaga i Diktardagar SA er det i år Mållaget Ivar Kleiven som har vore med og forma programmet. Omtale av nettopp lokalhistorikaren Ivar Kleiven har difor fått sin naturlege plass, og sjølve opninga vil ha merksemd på diktaren Ola Martinius Høgåsen.

Billettsalet startar 15. august på diktagarar.no

På grunn av koronapandemien er framleis mykje uklart når det gjeld kor mange vi kan sleppe inn på dei ulike arrangementa og vi ventar derfor til 15. august med å legge ut billettar for sal.

Meir informasjon

Nettside: www.diktardagar.no
E-post: post@diktardagar.no

Telefon: 907 38 489 (Torunn), 926 64 751 (Rita).

Fullstendig program:

Klikk for stort bilde 

 

Sted

Lom, Skjåk og Vågå
 

Kontakt

Diktardagar
 

Torunn Kjøk
Legg til hendelsen i din kalender