Gudbrandsdalsseminaret - NB! Påmelding innan 12. januar!

onsdag 26. januar 2022, 09.30 - 16.00

Informasjon

Norge i 1000 år – Kulturmøte og endring

1000 år med ein kristna Gudbrandsdal

NB! Påmelding innan 12. januar 2022.

Hausten 1021 for vikingkongen Olav Haraldsson med sine hærmenn frå nord
til sør gjennom Gudbrandsdalen. Føremålet var tosidig, kristne gudbrandsdølane
og styrke si eiga makt i Norge. Den som ikkje bøygde seg for Olav sin
vilje, vart hardt straffa. Det var inga varsam kristningsferd folket i Lesja,
Dovre, Skjåk, Lom, Vågå, Sel og Fron opplevde. Det heile kulminerte i
«klubbeslaget» på Hundorp. Da Olav fall på Stiklestad i 1030, reknar vi at
heile landet var kristna.

I 2021 var det markering av desse hendingane i alle kommunane i dalen, som
enda med ei stor markering på Hundorp 29. juli 2021. Dette blir tema for
Gudbrandsdalseminaret 2022. Her vil vi få foredrag om soge-forteljaren
Snorre Sturlason og hans Heimskringla, om olavstradisjonen og
reformasjonen, om kyrkjebygging i dalen og arkeologiske funn på Hundorp.
På olsokdagen i 1921 var det 900-årsjubileum på Hundorp med 5000 frammøtte,
blant dei kong Haakon. Denne tida var det fleire liknande store
nasjonale markeringar i Norge. Dette får vi også meir informasjon om.

Sjå fullstendig program for seminaret. (PDF, 2 MB)

Bindande påmelding innan onsdag 12. januar 2022 til:

Maihaugen
Maihaugvegen 1
2609 Lillehammer

Telefon: 61 28 89 00
E-post: post@maihaugen.no

For spørsmål, kontakt:
Kåre Hosar, 90 62 78 81 eller
Arne Skuterud, 90 74 78 75

Ved påmelding, gje opp:
Namn
Adresse, fakturaadresse
Telefonnummer og e-postadresse

Lunsj er inkludert, men meld ifrå om særskilde matbehov.

Pris voksen: 600

Nettside

Sted

Maihaugen i Lillehammer
 

Kontakt

Gudbrandsdalsmusea
 

Øystein Rudi
Legg til hendelsen i din kalender