Johan B. Mjønes: «Kampen. Argentina-England, Falklandskrigen og Guds hånd»
onsdag 15. februar 2023, 19.00 - 20.00
Foto: Niklas Lello
Falklandskrigen og fotball er tema i boka Kampen. Argentina-England, Falklandskrigen og Guds hånd av Johan B. Mjønes. Med Falklandskrigen som bakteppe har han skildra kvart spark i tidenes fotballkamp, kvartfinalen i VM i 1986 mellom Argentina og England, ein kamp som handla om langt meir enn fotball. 15. februar gjestar Mjønes biblioteket. Det ligg an til å bli ein interessant leksjon i historie, politikk og fotballmagi.
Kontakt
Legg til hendelsen i din kalender