Vaffeltreff på Fossberg 14. april
fredag 14. april 2023, 11.30 - 13.00
Ynskjer du eit større nettverk i Lom? Bli med på vaffeltreff!
Dei to siste åra har Lom kommune arrangert fleire treff for både nye og "gamle" innbyggjarar.
Målet er å gjere det litt enklare å få eit nettverk i Lom, uansett om du kjenner nokon her frå før eller ikkje.
I februar vart Hege Olimb Myhre tilsett som ny bygdeutviklar i Lom, og det betyr at vi har kapasitet til å gjere enda meir ut av dette. Og fyrst ut er altså eit vaffeltreff kvar månad!
Kva er vaffeltreff?
Ein fredag i månaden inviterer vi dykk til å ta lunsjen saman med oss frå ca. kl. 11:30-12:00.
Vi spanderer vaffel og slår gjerne av ein prat. Du kan kjøpe deg lunsj på Fossberg, eller berre ete vaffel om du vil.
Den som kan ta ei litt lang lunsjpause kan bli med på del to, frå kl. 12:00-13:00:
Ein liten rusletur/omvising i sentrum om du er ny i bygda saman med Hege, eller ei zumba-økt i Steinfjoset med Åshild. Her er det fritt fram!
P.S: Dersom du vil vere med på ei zumba-økt så treng du ikkje treningsklede. Ta på behagelege klede, og ha gjerne med deg vatn/innesko. Vi skal attende på jobb etterpå, så målet er ikkje å få veldig høg puls, men å ha ei triveleg stund saman.
Ingen påmelding naudsynt, her er det berre å møte opp!
Dato: 14. april
Tidspunkt:
Fyrste del: kl. 11.30 - 12.00. Oppmøte Fossberg
Andre del: 12.00 - 13.00. Oppmøte Fossberg
Passar det ikkje for deg denne gongen? Fortvil ikkje! Målet er å arrangere dette omtrent ein gong i månaden, og du kan bli med så ofte du vil.
Kontakt
Hege Olimb Myhre
Legg til hendelsen i din kalender