Høyrseldag

mandag 3. april 2023, 12.00 - 14.00

Informasjon

Bilde av audiograf Rune Brekka - Klikk for stort bilde

Måndag 3. april inviterer vi til høyrseldag på biblioteket. Audiograf Rune Brekka vil ta for seg litt om anatomien og funksjonen til øyra. Han vil vise ulike typer høyreapparat, seia litt om føremålet med høyreapparat og om korleis dei fungerer. Vi får òg tips om førebygging for korleis vi kan unngå å få dårleg høyrsel. Det blir høve for deltakarane til å stille spørsmål og få tips og rettleiing. Opplegget varar frå 12.00 til om lag 13.30.

Høyrseldagen er del av folkehelsesatsniga til biblioteket. Truleg sit det ein fleire rundt omkring som ville hatt nytte av å få eit tilpassa høyreapparat, men dei veit for lite om korleis det fungerer og vegrar seg for å ta kontakt med helsevesenet om høyrsel. Somme brukar kanskje gamle og dårlege apparat, og ville hatt nytte av å få eit nytt og betre apparat. Eit tilpassa høyreapparat ville truleg auke livskvaliteten for mange. Kjenner du nokon som kan ha nytte av å delta, så tips dei om høyrseldagen på biblioteket 3. april.

Sted

Lom folkebibliotek
 

Kontakt

Lom folkebibliotek
 

Legg til hendelsen i din kalender