Pleie- og omsorgsavdelinga i Lom Kommune søkjer etter ein sjukepleiar eller nokon med anna relevant høgskuleutdanning, som til dømes vernepleiar, med arbeidsplass nå for tida på Lom Helseheim.
Det er ei fast 100% stilling med oppstart frå dags dato eller etter avtale.
Sjukepleiaren/vernepleiaren vil ha leiar av institusjon som næraste overordna.
Aktuelle arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg/vernepleiefagleg ansvar for behandling og oppfølging av pasientar og pårørande
- følgje rutinane i avdelinga og bidra til forbetringsarbeid
- sikring av god kommunikasjon og samhandling
- bidra til eit godt arbeidsmiljø
- bidra til opplæring og fagleg rettleiing av kollegaer og studentar
Arbeidstid: etter gjeldande turnus med dag/sein/natt og arbeid kvar 3. helg.
Kvalifikasjonskrav
- offentleg godkjend sjukepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning som for eksempel vernepleiar
- gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- personleg eigna for stillinga
- politiattest nyare enn 3 månader må framvisast
Fylgjande blir vektlagt
- fagleg dyktig og trygg i rolla
- evne til å samarbeide med kollegaer og tverrfagleg team, jobbe sjølvstendig, er strukturert og målretta
- gode evner i kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer
- vilje og evne til å lære
- være med på å skape et godt og trygt arbeidsmiljø
- Interesse for fag og fagutvikling
Vi tilbyr
- fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- tverrfagleg samarbeid
- høgt fagleg nivå på tenestene
- fagmøtetid i turnus
- dyktige og engasjerte kollegaer
- du får moglegheit til å arbeide på arbeidsplass i stadig utvikling med fokus på velferdsteknologi
Er dette noko for deg?
Da vil vi gjerne høyre frå deg! Send inn ein elektronisk søknad innan 1. februar 2023.
Ta gjerne kontakt med oss om det er noko du lurar på i samband med stillinga:
Avdelingsleiar Guro Einbu
Telefon: 40 43 79 41
E-post: guro.einbu@lom.kommune.no
Avdelingssjukepleiar Kristin Husom
Telefon: 48 89 64 77
E-post: kristin.husom@lom.kommune.no
- Kommunale tilsetjingsvilkår
- Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.