100 % stilling som arbeidsrettleiar

Vil du vere med og skape ein meiningsfull arbeidskvardag for andre? Skjåk kommune har ledig 100 % fast stilling frå 01.01.2026.

Stillinga er tilknytt sysselsetting Lom og Skjåk og har Skjåk kommune som vertskommune. Dette er ein tilrettelagt arbeidsplass med ei brei målgruppe. Vi har nå flytta til nye lokale i Bismo, og vi ynskjer å knyte tettare samarbeid med det lokale næringslivet i Lom og Skjåk. Vi har ambisjonar om å tilby tenester både ute i verksemdene og frå våre eigne lokale.

Fellesnemnaren for våre arbeidstakarar er at dei mellombels eller varig står utanfor ordinært arbeidsliv, men har eit ynske om å vere i arbeid. Vi driv vår eigen bruktbutikk og har ei produksjonsavdeling der vi lagar eigne varer . 

Arbeidsoppgåver 

  • Rettleie og motivere arbeidstakarane våre
  •  Tilretteleggje for meistring og sjølvstende
  • Knyte relasjonar med lokalt næringsliv
  • Delta på samarbeidsmøte med våre partnarar
  • Lage system og planar for den enkelte arbeidstakar
  • Yte støtte og bistand ved behov

Kvalifikasjonar

  •  Arbeidserfaring frå praktisk arbeid er ein fordel
  • Erfaring frå arbeid med opplæring/rettleiing vil bli vektlagt
  •  Ynskje om relevant utdanning på fagarbeidarnivå
  • Førarkort for bil 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og vi vektlegg at du  

  • har gode kommunikasjonsevner. 
  • har gode samarbeidsevner.  
  • har evne til å ta initiativ og kome med nye idear.
  • har pedagogiske eigenskapar.
  • er løysingsorientert.
  • er ein relasjonsskapar og rollemodell.
  • er tolmodig og fleksibel.
  • er strukturert og ryddig.
  • trivst med fysisk aktivitet.
  • har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
  • har forståing for at brukargruppa har funksjonsvariasjonar og samansette utfordringar, og du møter kvar enkelt med respekt, tilrettelegging og tru på deira moglegheiter til å delta i arbeid. 

Ved tilsetting vil arbeidsgjevar vektleggje kva for motivasjon søkjar har for å gå inn i stillinga, og aktuelle søkjarar vil bli utfordra på kva ein ser som viktig ved ei slik teneste.

Kopi av vitnemål og attestar skal vere med til intervju, og søkjarar som vert invitert på intervju vil få eit case ein blir utfordra på å seie noko om under intervjuet.

Vi tilbyr 

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale 
  • Pensjonsordning i KLP  

Den som vert tilsett må leggje fram godkjent politiattest.

Ønskjer du fleire opplysningar om stillinga, ta kontakt med Jo-André Sperstad Fjeld, leiar sysselsetting Lom og Skjåk, mobil 45337913

Søknadsfrist 30. november 2025

  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.   

 

Kommunedirektøren

 

Kontakt

Jo-Andrè Sperstad Fjeld
Leiar
Mobil 453 37 913

,