100% stilling som avdelingsleiar ved Miljøarbeidartenesta

 Pleie- og omsorgstenesta i Lom kommune har ledig ei 100% stilling som avdelingsleiar ved Miljøarbeidertenesta frå 01.januar 2023. Søknadsfrist: 09.10.2022.

Kunne du tenkje deg å vere avdelingsleiar ved Miljøarbeidartenesta? 

Som avdelingsleiar skal du bidra til å vidareutvikle tenesta for å kunne gje kommunens innbyggjarar gode tilbod i dag og i framtida.

Som avdelingsleiar ved miljøarbeidertenesta blir du ein del av tenesteområdet pleie og omsorg si leiargruppe. Avdelingsleiarane samarbeider med kvarandre og har prosjekt på tvers av avdelingane. Tenesteområdet har merkantile ressursar som bistår avdelingsleiarane.

Avdelingsleiar har delegert oppfølgingsansvar og er fagansvarleg for driftseininga, og rapporterer direkte til tenesteleiar pleie og omsorg.

Lom kommune arbeider jamleg med å tilpasse og organisere drift ut frå behov og endringar i samfunnet. Pleie og omsorg arbeider kontinuerleg med å oppretthalde gode og berekraftige tenester for framtida. Fokus på mellom anna velferdsteknologi, utvikle tenesta, god samordning og tilpassing av tenestene.

Kommunen har gode tenester og god fagkompetanse innan tenesteområdet, og er i tillegg aktivt deltakande i regionalt og interkommunalt helse- og omsorgsarbeid.

Miljøarbeidertenesten gjev tenester til menneske med varig nedsette fysiske og/eller kognitive funksjonsvanskar og psykisk helse. Miljøarbeidertenesta består av bustadar, avlastning, arbeidssenter, BPA og støttekontakt.

Miljøarbeidertenesta arbeider for 

  • å skape ein trygg og triveleg heim for brukarane med eit aktivt og trygt fellesskap.
  • å legge til rette for meistring og god livskvalitet for brukarane.
  • å ta i vare vårt gode arbeidsmiljø med å ha det bra på jobb, legge til rette for openheit og rausheit for å skape tryggleik på jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Tydeleg leiing som står støtt i utfordringar og legg til rette for eit godt samarbeidsklima og medverknad
  • Ansvar for at tenesta som ytast er av fagleg god kvalitet
  • I samarbeid med dei tilsette sørge for etablering og vidareutvikling av rutiner og system for kontinuerleg kvalitetsforbetring av tenesta
  • Vere ein pådrivar i utviklingsarbeid
  • Legge til rette for brukarmedverknad og pårørandesamarbeid
  • Ansvar for dagleg drift og administrative oppgåver
  • Turnus og innleie, i samarbeid med avdelingsvernepleiar 
  • Delegert oppfylgingsansvar for personal
  • Delegert oppfylgingsansvar for økonomi – og ressursbruk ved miljøarbeidertenesta

Kvalifikasjonar

Vi ser etter ein innovativ avdelingsleiar for miljøarbeidartenesta som:

  • har leiarerfaring og/eller –utdanning
  • har minimum treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Fortrinnsvis innan vernepleie, men andre kandidatar kan bli teke til vurdering
  • har interesse for fag og fagutvikling
  • er endringsmotivert og har god gjennomføringsevne
  • har evne til å motivere høgt kvalifiserte medarbeidarar
  • har kjennskap til velferdsteknologi og korleis å nytte dette innan tenesteområdet
  • har god forståing for samspel mellom politikk, administrasjon og tenesteyting
  • kommuniserer godt på norsk - både munnleg og skriftleg 

Det er ynskjeleg at du har erfaring frå fagfeltet, og at du har leiarerfaring frå tilsvarande nivå. 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er ein synleg og tydeleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling
  • har evne og vilje til å utarbeide mål, og motivere dine tilsette
  • har god gjennomføringsevne
  • har evne til å oppnå resultat, evaluere og korrigere
  • er positiv og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode kommunikasjonsevner – og samarbeidsevner
  • har evne til å arbeide i ein hektisk kvardag, vere engasjert, strukturert og sjølvstendig
  • kan balansere strategisk tankegang med fokus på drift.

Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande jobb i ei verksemd i utvikling
  • Ein arbeidsplass med fokus på leiing og leiarutvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Eit godt og fagleg miljø med engasjerte medarbeidarar
  • Moglegheit til å delta i spennande utprøvingar innan velferdsteknologi, der kommunen er ein del av eit regionalt samarbeid.

Lom kommune har som visjon å vere gjestfritt og nyskapande, med åtferdskrav som løysingsorientert, offensiv og inkluderande.

Er du kanskje vår nye avdelingsleiar?

Send inn ein elektronisk søknad innan 9. oktober 2022
Vi ser fram til å høyre frå deg! 

Vil du vite meir om stillinga? 
Ta gjerne kontakt med tenesteleiar pleie og omsorg, Elin Jeanette Ulen. 
Telefon: 418 09 380 // E-post: elin.jeanette.ulen@lom.kommune.no 

Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg. 

Velkomen til Lom og oss i miljøarbeidartenesta!

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Utleggsbrua ein somardag - Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Lom helseheim sett frå lufta - Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Fossbergom sett frå lufta - Klikk for stort bilde