22.11.2021 - Kor er vi nå? Oppdatering frå prosjektet Framtidig bu- og tenestetilbod

Lom helseheim sett frå lufta - Klikk for stort bildeLom helseheim sett frå lufta Ola Ø Rossehaug  

Jamfør orientering til kommunestyret under budsjettkonferansa i oktober, byrjar kunnskapsgrunnlaget til prosjektet Framtidig bu- og tenestetilbod å ta endeleg form. Utarbeiding av rapport med alterantiv for miljøarbeidartenesta står att. Kommunen har møte med Agenda Kaupang nå i november for å kome vidare med denne.

Kommunen har saman med Agenda Kaupang utarbeidd ein rapport som inneheld fire alternativ i høve utforming av tenestetilbodet for institusjon og bustadar med moglegheit for heildøgns pleie. Denne rapporten vart lagt fram for styringsgruppa 15. november. 

Vidare plan for prosess i samband denne delrapporten er:

  • Framlegg til personale 25. november. Dette er eit viktig ledd for å sikre den erfaringsbaserte kunnskapen inn i prosessen. Dei som står i dei daglege møta med brukarane veit kor skoa trykkjer.
  • Styringsgruppa vil i etterkant av dette innarbeide innspel frå personale. Før ein legg alternativa på bordet til levekårsutvalet som politisk referansegruppe. Dette er planlagt inn i til Levekårsutvalet den 6.desember.
  • Det er også planlagy rådsmøte den 2. desember, altså i forkant av møtet i Levekårsutvalet, der ein vil kunne få presentert dei ulike alternativa og få råda sine innspel med på vegen.
  • Administrasjonen held seg til den politiske bestillinga i økonomiplanen for prosjektet, og det utarbeidde mandatet for prosjektet som beskriv delmål og organisering med administrativ styringsgruppe og Levekårsutvalet som er nedsett som politisk referansegruppe.

Uansett modell er prosjektet nå kome dit at ein i 2022 har behov for å legge ei rammeinvestring for prosjektering av bygg i form av midlar til byggfagleg kompetanse for å gå i arbeid med anskaffing. Vi tenkjer nå at det er lurt å gå i ei samspelsentreprise for å få ein tett dialog med entreprenør. Det er mål om byggestart i 2023 og at hovudtyngda på investering vil ligge i økonomiplanen på år 2023 og 2024. Kanskje også eit vidare byggetrinn enda lenger fram i tid, avhengig av korleis arbeidet i 2022 vil syne å tene oppgåva best.

Avslutningsvis ynskjer vi å minne om den regionale innbyggarundersøkinga med målgruppe 55+. Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen treng innspel frå deg som innbyggjar om kva du ynskjer for din eigen alderdom. Undersøkinga vil nyttast som ei type kvalitetssikring av den brukarkartlegginga kommunen alt sit på gjennom arbeidet med prosjektet i år.

Kontakt

Ingrid Husom
Prosjektleiar framtidig bu- og tenestetilbod
Mobil 416 83 761