Aktive saman startar opp att!

 Aktive saman Lom startar opp att med sirkeltrening i Presthaugen, torsdag den 6. mai kl. 11:00. 

Tidlegare var sirkeltreninga på onsdagar, men framover vil det vere på torsdagar

Instruktør er Sivert Jonassen. Etter sirkeltreninga, er det høve til å gå seg ein tur i Presthaugen. Ynskjer du å ha med deg kaffi og "biteti", er det berre triveleg (kvar enkelt tek med seg sjølve).

Sirkeltreninga blir kvar torsdag framover, med unntak av torsdag den 13.mai som er Kristi himmelfartsdag.

Tidspunkt: kl 11:00 
Oppmøtestad: ved scena i Presthaugen

Vi ynskjer nye og gamle velkomne til kjempefin trening!

 

Helsing
Lom Fysioterapi ved Sivert Jonassen og Lom Friviljugsentral ved Ella Hoel.

 

Har du spørsmål, ta kontakt med Sivert elller Ella.

Kontakt

Sivert Jonassen
Avdelingsleiar Ergo- og Fysioterapitenesta Lom og Skjåk
Mobil 481 65 520