Arrangementsutvikling innan idrett - søk om midlar!

Friviljuge lag og foreiningar kan søkje om midlar til lokale, regionale og nasjonale idrettsarrangement. Søknadsfrist: 1. november 2022 for arrangement i perioden januar-juni 2023. 

Søknad

Alle søkjarar skal  nytte regionalforvaltning.no for registrering av søknadar. 

Søk på regionalforvaltning.no 

Kven kan søkje?

  • Alle friviljuge lag/foreiningar, anleggseigarar og arrangørar som er knytta til Norges idrettsforbund, Det frivillige skyttervesen og Norges bilsportforbund
  • Søkjarar må vere registrert i friviljugheitsregisteret - Brønnøysund 

Kriteria 

Arrangementet bør :

  • Sette Innlandet på arrangørkartet og bidra til motivasjon for friviljugheit og utvikling av lokalsamfunn.
  • Vere ein læringsarena for framtidas arrangørar, og kjenneteiknast av ungdom i sentrale oppgåver. 
  • Bere preg av nyskaping og/eller vidareutvikling av eksisterande arrangement
  • Heve kvaliteten på arrangementet gjennom bruk av nytt utstyr og/eller ny teknologi.
  • Ivareta klima- og miljøhensyn.
  • Bidra til profilering av fylkeskommunen. 

Utover dette blir følgjande prioritert: 

  • Arrangement der fleire klubbar og/eller arrangementsmiljø samarbeidar
  • Arrangement/mesterskap over fleire dagar og i kombinasjon med breiddeidrett
  • Antall deltakarar og antall friviljuge involvert

Tildelingsprosess

  • Søknadane blir behandla av seksjon for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. 
  • Maksimal søknadssum er 200 000 kroner.


Sjå også fylkeskommunen sine nettsider.