Barneverntenesta treng besøksheimar til barn i alderen 1-8 år

Familie Pixabay Barneverntenesta treng besøksheimar til fleire barn i alderen 1-8 år. Det er viktig at besøksheimen har erfaringar med barn og har overskot og engasjement til eit slik oppdrag. Ein kan gjerne ha barn sjølv. 

Besøksheimen bør vere ein aktiv familie som kan ta med barn på ulike opplevingar og aktivitetar. Stabilitet og faste rutiner som skapar forutsigbarheit er viktig. 

Besøksheimen må ha gode samarbeidsevner. Vi treng nokon som er villige til å ta på seg eit slik oppdrag over tid for å unngå endringar for barnet og brot i relasjonar. Omfanget er tenkt ei helg i månaden. 

Dersom du/dykk er interessert eller har spørsmål, så ta kontakt med Hilde Johnsgård på tlf.nr. 47 70 11 96 eller Karina Mandal på tlf.nr. 91 24 54 33.