Eigedomskattelister for 2019

Rundkjøringa på Bergom i mai - Klikk for stort bilde

Liste over eigedomsskattetakstar og utlikna eigedomsskatt for skatteåret 2019 er lagt ut til offentleg ettersyn på kommunen sitt servicetorg, Midtgard. Du finn og dokumenta nedanfor.

Eigedomsskattelista vil liggje ute til offentleg ettersyn i 3 veker frå 27.02.2019. Eigedomar det er gjort taksering på i 2019, har klagerett. Klage må sendast skriftleg, innan 2. mai 2019.

Informasjon om ny takst vil bli sendt dei dette gjeld. 

Eigedomsskattelister(klikk på den lista du vil sjå for å lasta ned .pdf-dokument):

Skattevedtaket for 2019:

Med grunnlag i eigedomsskattelova §§ 2 og 3f, skal eigedomsskatt skrivast ut etter desse alternativa for skatteåret 2019:

•Faste eigedomar i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der

 slik utbygging er i gang, jfr. KS-sak 125/75.

•På næringseigendom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.

For skatteåret 2019 skal det skrivast ut eigedomsskatt på eit «særskild fastsatt grunnlag» i samsvar med overgangsreglane til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 fyste ledd. For 2019 skal det særskilde grunnlaget vera lik 6/7 av differansen mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019. Grunnen til dette er at produksjonsutstyr- og installasjonar frå 2019 ikkje skal reknast med i grunnlaget for dei tidlegare verker og bruk.  Frå 2019 bli disse eigedomane vurdert som næringseigedom. For 2019 blir skattesatsen for disse eigedomane satt til 7 promille.

Den generelle skattesatsen for dei skattepliktige eigedomane blir for 2019 sett til 7 promille, jfr. esktl. § 11 fyste ledd. Skattesatsen blir differensiert med heimel i eigedomsskattelova § 12 bokstav a. For eigedomar med sjølvstendige bustaddelar og fritidseigedomar, blir skattesatsen for 2019 sett til 3,0 promille.

 

Alle sjølvstendige bueiningar skal ha eit bottenfrådrag på kr 450 000 som skal trekkast frå takstverdien, jfr. esktl. § 11 andre ledd.

 

Nyoppførte bygg som heilt eller delvis blir brukt som bustad er fritekne for eigedomsskatt i 10 år (eigedomsskattelova § 7 bokstav c) inntil kommunestyret endrar eller opphevar fritaket.

Eigedomsskatten skal betalast i 6 terminar i skatteåret, jf. esktl. § 25 fyste ledd. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidligare vedtekne vedtekter, jf. esktl. § 10.

Siste alminnelige taksering i kommunen vart gjennomført i 2012.