Er du helsefagarbeidar eller omsorgsfagarbeidar?

Pleie- og omsorgsavdelinga søkjer etter helsefagarbeidar/omsorgsfagarbeidar med arbeidsplass nå for tida på Lom Helseheim. Søknadsfrist 03.07.2023. 

Pleie og omsorgsavdelinga i Lom kommune har ledig eit 85% vikariat frå 21.08.2023–16.06.2024, med moglegheit for forlenging.

Om stillinga

Helsefagarbeidaren/omsorgsfagarbeidaren vil ha leiar av institusjon som næraste overordna. 

Arbeidstid etter gjeldande turnus med dag/sein/natt og arbeid kvar 3. helg.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Heilhetleg oppfølging av pasientar i institusjon heile døgnet, -herunder utføring av ulike prosedyrer knytt til oppfølging og behandling
  • Målretta miljøarbeid/personsentrert omsorg
  • Følgje rutiner i avdelinga og bidra til forbetringsarbeid
  • Sikring av god kommunikasjon og samhandling
  • Bruk av velferdsteknologi som ein naturleg del av tenesta
  • Tett samarbeid med andre tilsette, samt pårørande
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Bidra til opplæring og fagleg rettleiing av kollegaer og lærlingar 

Kvalifikasjonskrav

  • offentleg godkjend helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar
  • evt. relevant vidareutdanning og/eller erfaring 
  • personar som har interesse for fag og fagutvikling innan demens og geriatri.
  • gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Fylgjande blir vektlagt:

  • personleg eigna for stillinga
  • at du er fagleg dyktig og trygg i rolla
  •  har evne til å samarbeide med kollegaer og tverrfagleg team, jobbe sjølvstendig, er strukturert og målretta
  • har gode evner i kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer
  • har vilje og evne til å lære
  • er med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Høgt fagleg nivå på tenestene
  • Fagmøtetid i turnus
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Du får moglegheit til å arbeide på ein institusjon i utvikling med fokus på mellom anna velferdsteknologi

Er dette noko for deg?

Send inn ein søknad innan 3. juli 2023. Har du spørsmål om stillinga, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss. 

Kontaktinformasjon

Avdelingsleiar Guro Einbu: telefon 404 37 941 / e-post guro.einbu@lom.kommune.no

Avdelingssjukepleiar Kristin Husom: telefon 488 96 477 / E-post kristin.husom@lom.kommune.no

  • Kommunale tilsetjingsvilkår
  • Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.

Kontakt

Guro Einbu
Avdelingsleiar institusjon
Mobil 404 37 941
Kristin Husom
Avdelingssjukepleiar
Mobil 488 96 477