Er du Lom kommune sin nye avdelingsleiar ved Lom helseheim?

Klikk for stort bildePå veg mot Loftet (2170 m.o.h.)Lom kommune lyser ut ei 100% stilling som avdelingsleiar ved Lom helseheim (institusjon) frå 1. februar 2021. Søknadsfrist 28. januar 2021.

Som avdelingsleiar skal du bidra til å vidareutvikle tenesta for å kunne gje kommunens innbyggarar gode tilbod i dag og i framtida.

Om tenesteområdet

Tenesteområdet pleie og omsorg er organisert i tre avdelingar. Avdelingsleiar ved institusjonen har delegert oppfølgingsansvar for institusjon og institusjonskjøkkenet.

Som avdelingsleiar av institusjonen, vil du vera ein del av leiargruppa i pleie og omsorg, og rapportere direkte til tenesteleiar i pleie og omsorg. Avdelingsleiar for heimebaserte tenester, avdelingsleiar for miljøarbeidartenesta og avdelingsleiar for institusjonen, utgjer leiargruppa i pleie- og omsorg i lag med tenesteleiar.

Lom kommune jobbar jamleg med å tilpasse og organisere drift ut frå behov og endringar i samfunnet. Pleie og omsorg arbeider kontinuerlig med å oppretthalde gode og berekraftige tenester for framtida. Dei store satsingsområda nå er:

  • Utvikling av tenesteområdet innan velferdsteknologi
  • Utvikle ein institusjon for framtida
  • God samordning og tilpassing av tenestene mellom institusjon og heimetenestene med tildeling av tenester etter behov og på rett omsorgsnivå 

Kommunen har gode tenester og god fagkompetanse innan tenesteområdet, og er i tillegg aktivt deltakande i regionalt og interkommunalt helse- og omsorgsarbeid.

Kven er du?

Du er ein innovativ avdelingsleiar for Lom Helseheim som:

  • Er offentleg godkjend sjukepleiar.
  • Har leiarerfaring og/eller –utdanning.
  • Har relevant erfaring med omsorgstenester og utvikling av desse.
  • Har interesse i fag og fagutvikling.
  • Har kjennskap til velferdsteknologi og korleis å utnytte dette innan tenesteområdet.
  • Har god forståing for samspel mellom politikk, administrasjon og tenesteyting.

 

  • Du er ein tydeleg leiar som er positiv, trygg og engasjert i leiarrolla.
  • Du evner å motivere, inspirere og vidareutvikle dine medarbeidarar.
  • Du balanserer strategisk tankegang med fokus på dagleg drift.

Jobben krev at du er sjølvstendig, har samarbeidsevne, er fleksibel og at du likar ein variert og utfordrande kvardag.

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg miljø med engasjerte medarbeidarar.
  • Lom kommunes leiarutviklingsprogram.
  • Moglegheit til å jobbe allsidig med leiaroppgåver.
  • Moglegheit for fagleg utvikling med undervisning og kurs.
  • Fokus på kvalitetsarbeid og forbetring av tenesta.
  • Moglegheit til å delta i spanande utprøvingar innan velferdsteknologi, der kommunen er ein del av eit regionalt samarbeid.

Meir informasjon

Nærare informasjon om stillinga får du hjå tenesteleiar pleie og omsorg Elin Jeanette Ulen, telefon 418 09 380.

Søknad

  • Skriv kva for stilling du søkjer på i emnefeltet på e-posten.
  • Skriv fødselsdato (6 siffer) 
  • Skriv fullt namn og adresse
  • Søknad og CV sender du på e-post til post@lom.kommune.no

Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.

Søknadsfrist: 28.januar 2021
 

Kontakt

Elin Jeanette Ulen
Tenesteleiar pleie og omsorg
Mobil 418 09 380