Er du Lom kommune sin nye tenesteleiar/teknisk sjef?

Klikk for stort bildeLom kommune har ledig ei 100% fast stilling som tenesteleiar/teknisk sjef. Er dette deg? Send inn ein elektronisk søknad innan 15. november

Tenesteleiar/teknisk sjef for vatn, avlaup og veg

Lom kommune er organisert etter prinsipp for to-nivå modell. Teknisk sjef er med i utvida leiargruppe i kommunen og rapporterer til kommunalsjef for samfunnsutvikling, kultur og fellestenester.

Lom kommune arbeider jamleg med å tilpasse og organisere drift ut frå behov og endringar i samfunnet. Kommunen har gode tenester og god fagkompetanse innan tenesteområdet.

Til stillinga ligg overordna ansvar for fag, personal og økonomi for tenesteområdet. I tillegg til leiaransvaret vil vedkommande få eit sjølvstendig fagansvar for vatn, avlaup, renovasjon og veg.

Tenesteområdet har i dag tre faste stillingar og fire stillingar i 10 % som teknisk vakt.

Arbeidsoppgåver

  • Fagansvar, personalansvar og budsjettansvar for tenesteområdet med ansvar for sjølvkostberekning av VAR-området og årsgebyr.
  • Ansvar for fagleg og organisatorisk vidareutvikling av tenesteområdet.
  • Prosjektleiing og byggeleiing for prosjekt som ligg til ansvarsområdet.  
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kommunalt VA, oppfølging av driftsavdeling på vassverk og reinseanlegg, rapportering og tilsyn.
  • Oppfylgingsansvar for renovasjon og septikrenovasjon, kontakt mot Nord-Gudbrandsdalen renovasjonsselskap NGR, rapportering og tilsyn.
  • Ansvar for kommunale vegar og gateljos, oppfølging av entreprenørar.
  • Oppfylgingsansvar for brann og feiarvesen, kontakt mot Lom og Skjåk brannvesen.
  • Beredskapsansvar knytt til fagfeltet.
  • Ansvar for teknisk vakt. Tenesteleiar er planlagt å gå inn som personell i teknisk vakt ved fyrste avgang av personell frå teknisk vakt.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Du er ein person med gode leiareigenskapar og god gjennomføringsevne.
    Leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd vil bli vektlagd. 
  • Du er løysingsorientert, offensiv og inkluderande.
  • Du har gjerne ingeniørutdanning innanfor relevante fagfelt, men anna relevant kompetanse vil og bli vurdert.
  • Du har erfaring frå offentleg saksbehandling - vi vektlegg og utreiingskompetanse frå privat eller offentleg verksemd.

Vi tilbyr deg

  • Eit godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
  • Utviklingsmoglegheiter med utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
     

Ynskjer du å vite meir om stillinga?

Ta kontakt med kommunalsjef Trond Byre-Haakensen: 934 29 318
eller avdelingsleiar personal og administrasjon Åste Gudbrandsen: 481 65 537
 

Ynskjer du å søke?

Send inn ein elektronisk søknad innan 15. november 2020.
 

Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg. 

Kontakt

Trond Byre-Haakensen
Kommunalsjef samfunnsutvikling, kultur og fellestenester
Mobil 934 29 318
Åste Einbu Gudbrandsen
Rådgjevar personal
Mobil 481 65 537