Felles akuttberedskap for barnevernet i Nord-Gudbrandsdalen

4.1.2019 blir det etablert felles akuttberedskap for heile Nord-Gudbrandsdalen. Det er oppretta ein eigen vakttelefon  908 54 475 som er operativ i  tidsrommet mellom kl. 15.30 – 08.00 på kvardagar, og heile døgnet i helg og på heilagdagar.  

Akuttberedskapen gjeld berre akutte saker som ikkje kan vente neste dag. I kontortida er det dei aktuelle barnevernstenestene i kommunen som tek i mot telefonar. 

Sjå elles den nasjonale portalen https://barnevernvakten.no/ for meir informasjon.