Pleie- og omsorgsavdelinga i Lom kommune treng ferievikarar til fleire ulike avdelingar:
- Institusjon
- Kjøken
- Heimehjelp
- Heimesjukepleie
- Dagsenter
- Miljøarbeidartenesta
- Brukarstyrt personleg assistanse
- Avlastning/aktivisering i høve barn med ulike funksjonshemmingar
Er du sjukepleiar/vernepleiar, helsefagarbeidar/hjelpepleiar/omsorgsarbeidar som har erfaring frå tilsvarande arbeid innan pleie og omsorg? Eller er du student innan helsefag- eller pedagogisk utdanning, elev på vidaregåande eller ufaglært? Da er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss i Lom kommune. Vi oppfordrar både gutar og jenter til å søkje.
Vi tilbyr
- Ordna arbeidstid med gode arbeidsvilkår
- Opplæring og moglegheit for allsidig erfaring
- Fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Høgt fagleg nivå på tenestene
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Du får moglegheit til å arbeide på arbeidsplass i stadig utvikling
Primærarbeidsperiode frå veke 25 til og med veke 33.
Arbeidstid: Etter gjeldande turnus med arbeid annakvar helg.
Søknad
Er dette noko for deg? Send inn ein elektronisk søknad innan 28. februar 2023.
Vi ber om at du i søknaden skriv kva for arbeidsplass du ynskjer å vere ferievikar, og kva for veker du ynskjer å jobbe.
- Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ringe til pleie og omsorg på telefon 61 21 72 25
- Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.
Velkomen til oss!