Ffast stilling som sjukepleiar i heimesjukepleia

Pleie-og omsorgsavdelinga i Lom Kommune søkjer etter sjukepleiar i 100% fast stilling i heimebasert omsorg, avdeling heimesjukepleie. 

 

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Utføre god fagleg sjukepleie ved behandling og oppfylging av pasientar og pårørande, etter gjeldande lovverk, forskrift og kvalitetskrav. 
  • Tenesteansvarleg for ei gruppe pasienter etter primærkontaktsystemet, og arbeid knytt til oppfylging av dette ansvaret. 
  • Følgje rutinar i avdelinga og bidra aktivt til forbetringsarbeid 
  • Sikre god kommunikasjon og samhandling, både internt i avdeling og tverrfagleg.
  • Vaktansvarleg sjukepleiar på enkelte turnusvaktar, og oppgåver knytt til dette. 
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø 
  • Bruk og utvikling av velferdsteknologi 
  • Rettleiingsansvar overfor kollegaer og studentar. 
  • Nytte journalsystemet Profil / Mobil omsorg som eit dagleg arbeidsverktøy til arbeidsplanlegging/utføring av oppgåver, og dokumentasjon etter gjeldande lovverk.

 

Oss ser etter deg som: 

  • Du er trygg, fleksibel, positiv og motivert.
  • Er strukturert, målretta, god til å planleggje og prioritere. 
  • Er ansvarsfull, løysingsorientert  og beslutningsdyktig.
  • Evnar godt å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Har stor interesse for faget, og brenn for fagutvikling.
  • Har gode kommunikasjonsevnar .
  • Har endringsvilje og er ein lagspelar.  
  • Vil være med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø

 

Kvalifikasjonar: 

  • Offentleg godkjend sjukepleiar.
  • Erfaring frå liknande arbeid. 
  • Ynskjeleg med relevant vidareutdanning. 
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B. 
  • Godkjent politiattest av nyare dato 
  • Personleg eigenskapar vektleggast for stillinga.

 

Oss tilbyr: 

  • Fast 100% sjukepleiar stilling med oppstart 19.5.24, eller etter nærmare avtale. 
  • Arbeidstid etter gjeldande turnus med dag/sein/natt og arbeid for tida kvar 3. helg i gjennomsnitt. Det kan ved turnusendringar i avdelinga blir moglegheit for langvakter kvar 4. helg 
  • Eit inkluderande, fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og god takhøgde. 
  • Ein spennande, sjølvstendig og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og med moglegheit til å utvikle egen arbeidsplass.
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Fagmøtetid i turnus 
  • Høgt fagleg nivå på tenestene, med kontinuerleg fokus på fag, kvalitetsforbetring og brukartryggleik
  • Fokus på bruk og utvikling av velferdsteknologi.

 

Andre opplysningar

  • Lønn etter avtale 
  • Kommunale tilsetjingsvilkår
  • Ved interne opprykk kan stillinger i andre stillingsbrøker bli ledige, og tilsetting vil da  skje på bakgrunn av søkjarane til denne stillinga. 
     

 

Kontaktperson:
Leiar heimebasert omsorg: Julianne R. Plassen telefon: 47460296
E-post: julianne.ramstad.plassen@lom.kommune.no
 

Søknadsfrist 3. mars 2024

 

Høyrest dette spennande ut?

Send inn ein elektronisk søknad seinast 3. mars 2024

  • Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. 
  • Namnet på søkjarar vil bli gjort offentleg. 
  • Det er krav om godkjent politiattest 

 

Vi ser fram til å høyre frå deg!
 

 

Fotograf alle bilete nedanfor: Live Andrea Sulheim
 

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde

Kontakt

Julianne Ramstad Plassen
Avdelingsleiar heimebasert omsorg
Mobil 474 60 296