Gjeldande reglar og tilrådingar - 22.02.2021

Klikk for stort bildeNå er vinterferien i gang for fleire i Norge, og rett rundt hjørnet for oss Innlandet. Det er framleis slik at ein skal unngå reiser som ikkje er naudsynte, men det er likevel opna opp litt: Les dei nasjonale tilrådingane for vinterferien.

Kriseleiinga har hatt møte i dag 22. februar, og vidare kjem ei oppdatering på gjeldande reglar og tilrådingar.  

Nasjonale tiltak:

Klikk for stort bilde Tiltaka i si heilheit kan du lese på helsenorge.no.

Lokale presiseringar

Arrangement:

Midtgard/Lom kommune:

  • Møteromma på Midtgard er stengt førebels fram til påske, og skal berre nyttast når det er heilt nødvendig.    
  • Treng du å prate med ein sakshandsamar i Lom kommune må du gjere avtale på førehand. Ring sakshandsamar direkte eller ta kontakt med servicetorget: 61 21 73 00

Lom friviljugsentral:

  • Lom friviljugsentral held stengt førebels fram til 9. mars.
  • Dagleg leiar Ella Hoel er tilgjengeleg på e-post: ella.hoel@lom.kommune.no og telefon: 996 938 47.

Utgard:

  • Idrettshallen i Utgard er ope for organisert aktivitet for dei under 20 år.
  • Styrke- og spinningrom er ope for uorganisert individuell trening (for dei med abonnement). Sjå nettsida til Utgard for retningslinjer.
  • Spinningrom opnar for organisert spinning med maks 7 personar (inkludert instruktør). Sjå retningslinjer. 
  • Kino opnar att. 
  • Det er opna for mindre kulturarrangement dersom ein kan sitte på fast tilvist plass. 

Skule:

  • Barnehage og skule er på gult nivå. 

Så minner vi om: 

  • Har du symptom, ikkje vent med å ring koronatelefonen. Det er viktig at du får testa deg så fort som råd. Telefon: 481 65 519 (kvardagar 09:00-15:00). 
  • Hald fram med å ta godt vare på kvarandre - ta ein ekstra telefon til dei som treng det, og nøl ikkje med å ta kontakt med hjelpeapparata om du treng nokon å prate med. 
  • Hald hendene reine, host i papirlommetørkle, hald avstand, hald deg heime om du er sjuk og unngå reiser som ikkje er naudsynte. 

Set deg inn i, og følg, dei nasjonale tiltaka, du finn dei på helsenorge.no.

 

Helsing
kriseleiinga i Lom kommune, 22.02.2021