Gjeldande tilrådingar i Lom kommune - oppdatert 05.05.2021

Klikk for stort bilde

Lom kommune held fram med å følgje dei nasjonale reglane og tilrådingane.  

Status frå kriseleiinga 05.05.2021

  • Stadfesta smitta: 0
  • Karantene: 0
     
  • Vaksinasjon: 05.05.21 er det totalt 722 innbyggjarar som har fått 1. dose med koronavaksine i Lom kommune, og 210 har fått 2.dose.
     
  • For dei som fekk 1.dose med AstraZeneca i veke 10, er intervallet sett til 12 veker for dose 2. Desse det gjeld har måndag 03.05.21 fått sms frå Lom kommune om time til 2.dose med PfizerBionTech (Comirnaty). Denne vaksina vil dei få onsdag 02.06.21.

Lom kommune held fram med å følgje dei nasjonale reglane og tilrådingane.

I tillegg blir det opna for bygdekino att, men på bakgrunn av nasjonale føringar, så har vi ikkje moglegheit til å opne opp for andre enn våre eigne innbyggjarar i Lom kommune. Vi skulle så gjerne, og vi har prøvd å få til eige kino i Skjåk, men dette har ikkje lykkast. Så snart det let seg gjere er vi klare for å opne dørene for alle!

Friviljugsentralen held stengt for aktivitetar og møteverksemd (førebels fram til den 12.mai), men Aktive saman startar opp att i morgon, torsdag! Møt opp ved scena i Presthaugen kl 11:00 dersom du ynskjer å vere med på ei triveleg treningsøkt.
 
Dagleg leiar Ella Hoel ved Friviljugsentralen er tilgjengeleg på e-post: ella.hoel@lom.kommune.no og telefon: 996 938 47

 

Gjeldande reglar og tilrådingar i Lom kommune, oppdatert 05.05.2021

  1. Minimum ein meter avstand
    Hald minimum ein meter avstand til andre. Det er og framleis fornuftig å bruke munnbind, men dette er ikkje lenger ei føring frå kommunen. Butikkar og andre verksemder bestemmer sjølve om dei ynskjer at munnbind skal bli brukt.  
     
  2. Du kan ha besøk av inntil fem personar
    Du kan ha besøk av inntil fem personar, men hald deg gjerne til dei same nærkontaktene slik at totalt antal nærkontakter i løpet av ei veke ikkje blir så mange. Kriseleiinga oppmodar til at du i størst mogleg grad har dei sosiale møtepunkta utandørs.
     
  3. Ver ekstra varsam på symptom
    Har ein forkjølingssymptom er det særs viktig at ein held seg heime og testar seg så fort som råd. Dette gjeld både små og store.

    Koronatelefonen (481 65 519) er ope på kvardagar 09:00-15:00.

    Laurdag 08. mai er det testing i Skjåk:
    Telefonnummer: 909 89 436. 
    Telefontid: 09:00-11:00
    Testing frå 11:00-13:00
     
  4. Ekstra fokus på smittevern
    Kafear/restaurantar og andre publikumsstadar er oppmoda til å ha eit ekstra fokus på at smitteverntiltak blir overhalde (registrering av besøkande, avstand og handhygiene). Kriseleiinga viser til gjeldande bransjestandardar for den enkelte bedrift.  
     
  5. Midtgard/Lom kommune
    Midtgard er stengt inntil vidare. Dette følgjer av nasjonal tilråding om at alle som kan skal ha heimekontor. 

    Sakshandsamarar er tilgjengelege på telefon og e-post.

    Treng du eit møte med nokon i Lom kommune må du gjere avtale på førehand. Ta kontakt med sakshandsamar direkte  eller ring servicetorget: 61 21 73 00
     
  6. Lom friviljugsentral
    Friviljugsentralen held stengt for aktivitetar og møteverksemd (førebels fram til den 12.mai), men Aktive saman startar opp att i morgon, torsdag! Møt opp ved scena i Presthaugen kl 11:00 dersom du ynskjer å vere med på ei triveleg treningsøkt.

    Dagleg leiar Ella Hoel er tilgjengeleg på e-post: ella.hoel@lom.kommune.no og telefon: 996 938 47
     
  7. Arrangement
    Kriseleiinga viser til dei nasjonale føringane for arrangement.  
     
  8. Utgard fleirbrukshus
    • Idrettshallen er ope for organisert aktivitet for dei under 20 år. Det vil seie at barn og unge under 20 år kan trene og delta på organiserte fritidsaktivitetar, både ute og inne. 
       
    • Organisert idrett for barn og ungdom som samlar deltakarar frå Lom og Skjåk er tillate.
       
    • Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, og utandørs i grupper på inntil 20 personar, så lenge dei kan halde minst éin meters avstand.
       
    • Styrke- og spinningrom er ope for uorganisert individuell trening (for dei som bur i Lom og som har abonnement). Sjå nettsida til Utgard for retningslinjer.
       
    • Ungdomskveldar blir gjennomført.
       
    • Kinoen opnar opp att, men berre for innbyggjarar i Lom kommune. Dei nasjonale føringane opnar dessverre ikkje opp for at vi kan ha kino for andre enn dei som bur i Lom. Følg med på Utgard si nettside for program.
       
  9. Skule
    • Barnehage og skule er på gult nivå. 
    •  Lom og Skjåk kulturskule er ope.

Lom kommune viser elles til dei nasjonale tiltaka. Desse finn du på helsenorge.no.

 
Kriseleiinga, 05.05.2021, kl 15:30.

Klikk for stort bilde