Hald Innlandet reint - ryddeaksjon 14.-20. september!

Nå er hausten her og Hold Innlandet Rent sin storstilte ryddeaksjon nærmar seg! Årets ryddeaksjon blir gjennomført 14.-20. september 2020. Her er det mogleg for alle lag, foreiningar og skuleklassar å tene nokre kroner!  

I 2019 rydda 4000 friviljuge nesten 20 tonn avfall i løpet av ei veke. I år har Hold Innlandet Rent motteke meir stønad enn nokon gong frå Miljødirektoratet til opprydding av avfall.

Med stønaden ynskjer dei å mobilisere fleire friviljuge enn nokon gong!

Kvifor skal du delta?

Rydding av Gudbrandsdalslågen, området rundt og elvetillaup er eit direkte bidrag til
nærmiljøet. Meir indirekte er det og eit bidrag til å betre vasskvaliteten til alle innbyggarar, fauna, dyreliv og landbruket over store delar av Austlandet.

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt saman får vi det til!

Det vil bli utbetalt motivasjonsmidlar til alle lag, foreiningar og skuleklasser med følgande satsar:

  • Per leverte sekk eller tilsvarande enkeltobjekt (avtalast i forkant): 150 kroner
  • Per nedlagte time knytt til kartlegging o.l. (avtalst i forkant): 100 kroner
  • Per skuleklasse per dag (avtalast i forkant): 2000 kroner

Område som må ryddast

Basert på kartlegging både i vår og tidligare år, vil Hold Innlandet Rent velge ut nokre strategiske område med behov for rydding. Dei vil velge ut minimum ein stad per kommune og justere dette undervegs etter behov. Dei vil gjerne få tips til stedar som burde ryddast, kanskje kjenner du til nokre utsette område?

Hold Innlandet Rent treng å ha med skuleklasser, lag og foreiningar ut i feltet.

Di deltaking vil gå føre seg slik:

  • Oppmøte på samlingspunkt for utlevering av ryddeutstyr og gjennomgang av HMS
  • Dykk velger sjølv kor lenge dykk vil rydde, men dei forventar at skuleklassar deltek minimum ein halv skuledag.
  • Avfallet leverast i sekkar eller containar ved samlingspunktet, eller anna stad etter nærare avtale.

Korleis melder du deg på?

Påmelding kan gjerast frå og med august 2020 via dei aksjonane Hold Innlandet Rent opprettar i ryddeportalen. Her kan du enkelt finne ein dugnad som passar for deg/dykk, anten i tid eller geografisk. Sjå påmeldingsskjema

Dersom du eller dykk ynskjer å rydde utover dei føreslegne stadane og tidene, er det viktig at dette avtalast per e-post (plast@skappa.no) og at aksjonen du/dykk opprettar blir knytt til organisasjonen «Hold Innlandet Rent». Dersom det skulle vere behov for buss eller annan transportløysing, vil organisasjonen forsøke å imøtekome alle slike førespurnader.

Velkomen til ryddeaksjon!