Har du symptom? Test deg!

Klikk for stort bildeHar du symptom? Ring koronatelefonen for å få testa deg!

Det er heilt avgjerande at vi testar oss for at vi skal kunne ha kontroll på situasjonen. Mange har nesten ikkje symptom, og det er lett å tenkje at ein berre er litt forkjøla.

Oppdatering laurdag 9. januar: Det har vore teknisk problem, derfor har Skjåk kommune sett opp nytt tidspunkt for koronatelefonen i dag, laurdag. Sjå tabell under. 

Det har vist seg at antal personar som testar seg har gått ned, samstundes som at ein større andel av dei som testar seg får påvist Covid-19. Det kan tyde på at det er for få som testar seg.

Lom kommune har god testkapasitet, så ikkje nøl med å ringe koronatelefonen. Lom kommune held fram med samarbeidet med Skjåk, og i tabellen under finn du oversikt på telefonnummer og tider. I ei tid framover har vi lagt opp til at ein kan ringe koronatelefonen og få testa seg kvar dag. Ringer du koronatelefonen før kl 10:00 får du testa deg same dag. 

Er du i tvil om du skal teste deg eller ikkje, så ring koronatelefonen så tek dei avgjerda.

Opningstider koronatelefon/testing
Dag Tid Stad Telefonnummer
Kvardagar 09:00-15:00 Lom 481 65 519
Laurdag 9. januar 12:00-14:00 Skjåk 902 41 735 / 909 89 436
Sundag 10. januar 09:00-10:00 Skjåk 902 41 735 / 909 89 436
Laurdag 16. januar 09:00-10:00 Lom 481 65 519
Sundag 17. januar 09:00-10:00 Lom 481 65 519

Hald fram med å halde avstand, vaske hendene og hoste i papirlommetørkle. Unngå reiser som ikkje er naudsynte, og halde deg heime når du er sjuk. Vi held ut ei stund til!