Ynskjer du vaksine?
Tysdag 8. oktober og måndag 21. oktober kan du stikke innom helsestasjonen i Lom mellom kl. 09:00 og 15:00 for å få vaksine.
Dersom du ynskjer vaksine, men ikkje har moglegheit til å stille til vaksinering på ovanemnte dagar, må du ta kontakt med helsesjukepleiar Liv Marie Øyjordet: 976 67 747
Pris
- Influensavaksine: kr. 250,-
- Influensavaksine for deg i risikogruppe: kr. 150,-
- Pneumokokkvaksine: kr. 500,-
- Koronavaksine: Gratis
Du kan betale med kort, kontantar eller Vipps.
Risikogrupper
Risikogrupper er gravide, alle over 65 år og folk i alle aldrar med kroniske sjukdommar.
Har du spørsmål knytt til vaksinasjon?
Du finn meir informasjon på Folkehelseinstituttet si nettside.