Innbyggjarundersøking 55+: Kva er viktig for deg?

Bli med på innbyggerundersøkelse fra kommunene i Nord-Gudbrandsdal. Foto_Milan2099_2021.jpg Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen treng innspel frå deg som innbyggjar om kva du ynskjer for din eigen alderdom.

Me spør personar på 55+, og spurnadane kan verka aktuelle fyrst langt fram i tid. Men Rom vart ikkje bygd på éin dag, og med dine svar skal me i Lom byggja bu- og tenestetilbodet for framtida!

Døme på spurnadar er kor du vil bu i framtida? Kva slags tenester du trur du vil ha? Kan velferdsteknologi gjera at du kan få bu heime lenger? Spørreskjemaet er anonymt, og du kan svara både på PC og på mobil.

Mange takk for at du tek del! Send gjerne vidare til alle i målgruppa 55+ i Lom!

Gå til spørjeundersøkinga.