Ferievikar reinhald
Arbeidsoppgåver vil vera dagleg reinhald av våre kommunale bygg.
Vi ser etter deg som har erfaring frå liknande arbeid, er løysingsorientert og inkluderande.
For nærare opplysningar, ta kontakt med reinhaldsleiar :
Vigdis Husom, tlf. 99085697
Ferievikar vaktmeistertenesta
Vaktmeistertenesta i Lom kommune har mange ulike oppgåver, og du får ein variert kvardag.
Hovudoppgåvene vil vera drift/vedlikehald av kommunale bygg og uteareal.
Det er ynskjeleg med liknande praksis, og førarkort på bil og hengar.
Ungdom
Vaktmeistertenesta ynskjer å ha ein ungdom over 16 år med på laget i sommar.
For nærare opplysningar, ta kontakt med leiande vaktmeister:
Øyvind Mork, tlf. 476 72 675
Er dette noko for deg? Send inn søknad ved å nytte elektronisk søknadsskjema.
Søknadsfrist: 16.04.21
Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.