Den enklaste måten å kome til kommuneplanens arealdel i kartinnsynsløysinga er ved å å hake av for Arealplanar og så Kommuneplan – Under arbeid. Planen visast da med grå kartbakgrunn. Her kan du zoome inn og ut på planen på dei områda du ynskjer å sjå, og det er mogeleg å ta utskrift.
NB! Reguleringsplanar kjem opp automatisk om du kryssar av for Arealplanar. Dersom du ikkje samstundes vil sjå reguleringsplanane, må du ta ut hakane som står på under reguleringsplan, jf. slik som på skjermdump under.
Plandokumenta som følgjer planforslaget, kan du få opp ved fyrst å klikke i kartet innafor kommuneplanområdet. Du får da opp ei liste under Planbehandlinger – Planforslag til 1. off. høyring og ettersyn - Plandokumenter, jf. skjermdump under (høyringsbrev, planomtale, KU planføresegner, politisk behandling og pdf av plankart og temakart).
Plandokumenta kan du da sjå på ved å klikke på dei.
Kommuneplanforslaget kan også visast på kartinnsynløysinga under Standardkart ved da å velge Planinnhold - Planforslag - Kommuneplan, jf. skjermdump under.
Ein har da mogelegheit for å skru av og på dei enkelte tema i kommuneplanforslaget, og vise det saman med andre temakart som finst i kartinnsynsløysinga.
Du har da ikkje mogelegheit til å hente opp plandokumenta.
Hugs opemøte om kommuneplanens arealdel 26. august kl 19:00. Les meir informasjon om møtet.