Korleis vil du bu i Lom i framtida? Ta ein prat med oss!
Foto: Johan WildhagenKva treng du av din neste bustad i Lom? Haugen Zohar arkitekter og Natural State ynskjer å snakke med deg på Lom folkebibliotek måndag 30. mai, mellom kl. 16:00 og 19:00.
Dei vil gjerne høyre nettopp di meining om bustad og bumiljø i Lom i dag, og dine ynskje for framtida.
Haugen Zohar arkitekter og Natural State er valde til å bistå Lom kommune for å sjå på attraktive og mangfaldige bumiljø. Prosjektet er ein del av Gnist-programmet i regi av DogA (Design og arkitektur Norge), der utvalde distriktskommunar får nye løysingar på sine utfordringar.
Ta turen innom og sei di meining!
Har du ikkje tid på måndag, men har noko på hjarta? Skriv gjerne ein e-post til oda@naturalstate.no
Tidlegare artiklar om prosjektet:
Publisert 25.05.2022 09.12