Regjeringa har vedteke å følgje Folkehelseinstituttet sitt råd og tilråder ny oppfriskningsdose til personar som er 75 år og eldre, samt sjukeheimsbebuarar.
Ei ny dose vil vere særleg aktuell for dei som ikkje har gjennomgått SARS-CoV-2-infeksjon, og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar.
Det bør ha gått meir enn 6 månader sidan førre dose, og vaksineringa bør gå føre seg i løpet av april.
Sjølv om vinterens covid-19-bølge nå ser ut til å vere over, er den vidare smitteutviklinga utover våren og sommaren usikker. Det er førebels ikkje teikn til ein tydeleg sesongvariasjon for SARS-CoV-2-viruset slik som for influensa, og det er sannsynleg at det vil kome ei ny bølge i løpet av dei nærmaste månadene.
Overvaking av vaksinasjon mot covid-19 viser at dei fleste i aldersgruppa 75 år og eldre som har teke 4. dose, vart vaksinert i fjor sommar og tidleg haust. Ettersom det er dei eldste som er mest utsatt for alvorleg sjukdomsforløp, og effekten mot alvorleg sjukdomsforløp avtek noko over tid, meiner FHI det er grunn til å tilråde aldersgruppa 75 år og eldre ei ny dose nå. Dette vil gjere dei betre rusta mot ein eventuell ny smittetopp i perioden fram mot neste vintersesong.
Bestill time for vaksinering
Telefon helsestasjon Skjåk: 908 48 548
Telefon helsestasjon Lom: 976 67 747