Koronavaksinasjon - neste vaksinasjonsdag blir 18. august

Nå er alle personar 65 år og eldre tilrådd å ta ei ny oppfriskingsdose. Neste vaksinasjonsdag er torsdag 18. august. Ta kontakt med Lom helsestasjon eller Lom legekontor for bestilling av time.

Kontaktinformasjon

Lom helsestasjon (97667746
Lom legekontor (61217200

Personar 65 år og eldre er tilrådd å ta ei ny oppfriskingsdose

Tilrådinga om ny oppfriskningsdose til denne aldersgruppa (65 år og eldre) gjeld uavhengig om ein har gjennomgått sjukdom etter førre dose. Det bør vera minimum 3 veker mellom gjennomgått koronasjukdom og ny oppfriskningsdose. Dosa kan bli gjeve tidlegast 4 månadar etter siste vaksinedose.

Personar med alvorleg svekka immunforsvar er råda til 3 doser + ei oppfriskningsdose 3 månadar etter dose 3.

Gravide er tilrådd oppfriskingsvaksine. Det er særleg viktig for kvinner som er gravide i 2. og 3. trimester der det er gått meir enn 20 veker sidan 2. dose, og fyrste trimester dersom det foreligg tilleggssjukdom hjå den gravide.