Koronavaksinasjon - nye tilrådingar om oppfriskingsdoser - oppdatert 21.11.2022

Ynskjer du oppfriskingsdose med koronavaksine? Ta kontakt med Lom helsestasjon eller Lom legekontor for bestilling av time.

Folkehelseinstituttet (FHI) tilrådar ny oppfriskingsdose med koronavaksine i haust til: 

  • personar i aldersgruppa 65 år og eldre
  • personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp 
  • ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom

Det er også opna for at personar i aldersgruppa 18-64 år, og som ikkje har nokon risikotilstand, kan få oppfriskingsdose om ein ynskjer det.

Tilrådd intervall sidan førre vaksinedose bør vere minimum 4 månadar. 
Denne tilrådinga om å ta ny oppfriskingsdose gjeld også om du nyleg har gjennomgått ein koronainfeksjon. Det bør ha gått minimum 3 veker frå gjennomgått sjukdom til vaksinasjon. Det kan gjerne gå lenger tid enn 3 veker, sidan det truleg vil gi ein enda betre respons på vaksinen. 

Oppdaterte koronavaksiner

I september 2022 godkjende europeiske legemiddelmyndigheiter oppdaterte versjonar av koronavaksinene Comirnaty og Spikevax. Vaksinene dekkjer både det opprinnelege viruset og den nyare koronavirusvarianten som sirkulerer. 

Les meir om oppfriskingsdoser på fhi.no

Helsestasjonen set opp vaksinasjonsdagar fortløpande etter behov. Ta kontakt med helsestasjon/legekontor for timebestilling.

Kontaktinformasjon

Lom helsestasjon, telefon: 97667746 eller 97667747
Lom legekontor, telefon: 61217200