Koronavaksinasjon - nye tilrådingar om oppfriskingsdoser

Ta kontakt med Lom helsestasjon eller Lom legekontor for bestilling av time.

Folkehelseinstituttet (FHI) tilrådar ny oppfriskingsdose med koronavaksine i haust til: 

  • personar i aldersgruppa 65 år og eldre
  • personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp 
  • ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom

Tilrådd intervall sidan førre vaksinedose bør vere minimum 4 månadar. 
Denne tilrådinga om å ta ny oppfriskingsdose gjeld også om du nyleg har gjennomgått ein koronainfeksjon. Det bør ha gått minimum 3 veker frå gjennomgått sjukdom til vaksinasjon. Det kan gjerne gå lenger tid enn 3 veker, sidan det truleg vil gi ein enda betre respons på vaksinen. 

Oppdaterte koronavaksiner

I september 2022 godkjende europeiske legemiddelmyndigheiter oppdaterte versjonar av koronavaksinene Comirnaty og Spikevax. Vaksinene dekkjer både det opprinnelege viruset og den nyare koronavirusvarianten som sirkulerer. Lom Helsestasjon får inn opppdaterte koronavaksiner i veke 39. 

Les meir om oppfriskingsdoser på fhi.no

Helsestasjonen set opp vaksinasjonsdagar fortløpande etter behov. Ta kontakt med helsestasjon/legekontor for timebestilling.

Kontaktinformasjon

Lom helsestasjon (97667746
Lom legekontor (61217200